9.27. Still inn rutenett

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2090 $ 2007-02-20 KoSt

Kommandoen Still inn rutenett blir brukt for å bestemma utsjånaden for rutenettet du kan legge over biletet. Du kan velje farge for nettet, avstanden mellom linjene og forskyving i høve til biletet. Endeleg kan du også velje mellom fem ulike mønster.

9.27.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via Bilete → Still inn rutenett.

9.27.2. Beskriving av dialogen “Still inn rutenett”

Figur 14.76. Beskriving av dialogen “Still inn rutenett”

Beskriving av dialogen Still inn rutenett

Utsjånad

Du bruker dette dialogvindauget for å bestemma utsjånaden på det rutenettet som kjem fram når du aktiverer rutenettet.

Linjestil
Kryss (prikkar)

Dette er den minst iaugnefallande stilen, med ein liten prikk i kvart krysningspunkt.

Kryss (trådkors)

Dette er normalstilen, og syner eit lite kryss i kvart av krysningspunkta.

Stipla

Denne stilen viser stipla linjer. Dersom desse linjene er svært nære kvarandre, kan rutenettet bli vanskeleg å bruke.

Dobbeltstipla

Denne stilen viser stipla linjer der fargen på linjene vekslar mellom forgrunnsfargen og bakgrunnsfargen annakvar gong.

Samanhengande

Denne stilen viser heiltrukne linjer i forgrunnsfargen.

For- og bakgrunnsfarge

Klikk på fargeruta for å velje farge for rutenettet.

Mellomrom

Breidde og høgde

Du bestemmer her cellestorleiken for nettet, dvs. avstanden mellom linjene, i den måleeininga du ønskjer.

Forskyving

Breidde og høgde

Du bestemmer kor mykje rutenettet skal forskyvast i forhold til biletet. Koordinata har, som vanleg, utgangspunkt i øvre, venstre hjørne (0,0).