3.8. Fargeovergangskart

3.8.1. Oversyn

Figur 15.34. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via Filter → Fargar → Kart → Fargeovergangskart

Dette filteret bruker den aktive fargeovergangen, den som er vist i verktøyskrinet, for å fargelegge det aktive laget eller den aktive markeringa i biletet. Når du vil bruke filteret, henter du først ein høveleg fargeovergang frå dialogen Fargeovergangar. Deretter markerer du det området du ønskjer å forandra, og endeleg opnar du filteret. Dette filteret viser ingen dialog, men køyrer automatisk. Filteret bruker lysverdiane i målbiletet slik at dei mørkaste områda får farge frå den venstre enden av overgangen, og dei lysaste områda frå den høgre sida. Pikslar med mellomliggande verdiar får dei mellomliggande fargane.