3.19. Retinex

3.19.1. Oversyn

Figur 15.62. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret
Eksempel på bruk av filteret

Legg merke til nye detaljar i øvre, høgre hjørne.


Dette filteret forbetrar den visuelle framstillinga av eit bilete tatt under dårlege lystilhøve. Menneskeauget kan sjå fargar nokså korrekt sjølv i lite lys. Digitale kamera er derimot dårlege på dette. Difor er det utvikla ein del matematisk algoritmer som prøver å forbetra resultata frå kamera. Ein av desse er MSRCR (MultiScale Retinex with Color Restoration) som er grunnlaget for dette filteret. “Retinex” står for “retina” (netthinne) + “cortex” ((hjerne)hinne).

Retinex-algoritmen blir i tillegg til å bli brukt på digitale fotografi, også brukt på mange andre område. Frå å gjere informasjonen i astronomiske bilete meir synleg til å forbetra strukturen i røntgenbilete og medisinske skanningar.

3.19.2. Aktivering

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via Filter → Fargar → Retinex

3.19.3. Innstillingar

Figur 15.63. Innstillingane for filteret “Retinex”

Innstillingane for filteret Retinex

Dette filteret er førebels dårleg dokumentert. Medan du ventar på dokumentasjonen, har du eigentleg ikkje anna å gjere enn å prøve deg fram til du finn passande innstillingar.

Grad

Utviklaren av dette programtillegget skriv på nettsidene (www-prima.inrialpes.fr/pelisson/MSRCR.php) sine: “ For å karakterisere fargeforandringane og den framherskande belysninga jamnar vi ut intensiteten i dei (gaussiske) filtra ved å setje ulike skalaer. Desse parametra gjer det mogleg å spesifisera verdiar mellom minimum (sigma 2,0) og maksimum (sigma er lik biletstorleiken). ”...

Uniform

[Kven veit?]

Låg

[Kven veit?]

Høg

[Kven veit?]

Skalering

[Kven veit?]

Oppdeling

[Kven veit?]

Dynamikk

Sidan MSR-algoritmen har ein tendens til å gjere biletet lysare, kan du justera metninga med denne glidebrytaren.