16.3. Kritt

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2184 $ 2007-10-15 KoSt

16.3.1. Oversyn

Figur 15.320. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Etter bruk av filteret “kritt”


Dette filteret gjer at det aktive laget ser ut som det er teikna med kritt.

Filteret er avleidd frå skriptet “kritt” (Utvid → Logo → Kritt i verktøykassa) som lagar ein logo frå ein fritt vald tekst, for eksempel

Script-Fu-skriptet “kritt”.

[Advarsel] Advarsel

Storleiken på biletet blir alltid sett til den same som det aktive laget.

Filteret “kritt”

Diverre kan du ikkje endra innstillingane for dette filteret. Du må i tilfelle køyre dei ulike filtra eitt for eitt i same rekkefølgja som nemnd ovanfor og stille inn dei ulike filtra etter ønskje. Til slutt legg du til ein bakgrunn med høveleg farge.

16.3.2. Aktivering

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via Filter → Alfa til logo → Kritt

16.3.3. Innstillingar

Figur 15.321. Innstillingane for filteret “kritt”

Innstillingane for filteret kritt

Bakgrunnsfarge

Sidan kritt som oftast blir brukt på ei tavle, er bakgrunnsfargen i utgangspunktet sett til svart, men dette kan du endre på ved å trykke fargeknappen og velje kva farge du vil.