4.8. Spegelvending

Når du har bruk for at personen på biletet skal sjå den andre vegen, eller at toppen av biletet skal vere botnen, då spegelvender du biletet. Bruk menyen Verktøy → Transformeringsverktøy → Spegelvend, eller enklare: klikk på ikonet i verktøykassa og klikk deretter inne i biletet. Du kan velje mellom å spegelvende vassrett eller loddrett.

Figur 3.35. Dialogen «Spegelvend biletet»

Dialogen «Spegelvend biletet»

Når du har markert for spegelvendinga i verktøykassa, klikk inne i biletet. Biletet blir nå spegelvendt vassrett. I verktøyinnstillingane kan du velje om verktøyet skal spegelvende vassrett eller loddrett. Dersom innstillingane ikkje er synlege under verktøykassa, dobbeltklikk på verktøysymbolet. Du kan også bruke tasten Ctrl for å veksle mellom dei to retningane.

Biletet nedanfor viser alle moglege former for spegelvendingar:

Figur 3.36. Eksempel på spegelvending

Eksempel på spegelvending

Originalbiletet

Eksempel på spegelvending

Vassrett spegelvending

Eksempel på spegelvending

Loddrett spegelvending

Eksempel på spegelvending

Vassrett og loddrett spegelvending